Flåm Camping og Vandrarheim

Nedre Bekkevegen 12, 5743 Flåm - Fjord Norge
1 / 4
2 / 4
3 / 4
4 / 4

Plassen ligg 300 m frå Flåm sentrum kor du finn båt, buss og jarnbanestasjon. Den berømte Flåmsbana tek deg på ei fantastisk togreise gjennom den tronge og bratte Flåmsdalen opp til Myrdal stasjon på 865 m.o.h.

På fjordcruise kan du oppleve Nærøyfjorden, (på Unescos verdsarvliste) den trongaste og mest spektakulære fjordarmen i Sognefjorden. Flåm er eit fint utgangspunkt for turar i fjellet. Blant kjente turområde finn du Aurlandsdalen og Flåmsdalen. Me tilbyr: Feriehus: Hus med tre soverom (6 sengeplasser ) + 2 ekstra senger i 2.etg. Bad med dusj, wc, vask. Fullt utstyrt kjøkken, spiseplass. Terasse og balkong med utemøbler. Stove og soverom i 2.etg. Fri parkering. Utleigehytter (36m2) med 2 soverom, dusj/WC, og godt utstyrt kjøkken. Enkle campinghytter :(16m2) for 2-4 personar med kokemoglegheiter og kjøleskap. Felles sanitæranlegg for dusj, wc og vask. Vandrarheim: med 2-sengsrom, enkeltrom og 4-sengsrom + enkeltsenger i 4-sengs eller 6-sengs rom. Rom med eige bad. Rom utan bad nyttar felles sanitæranlegg. Campingplass:fint utforma med terrassar i ymse høgder. Plassen er omkransa av tre og buskar, og ein del av området ligg i den gamle eplehagen. Leikeplass, strømuttak, tømmestasjon og oppvask-kjøkken for telt, campingvogner og bubilar. Eit reint og velhalde sanitæranlegg med fasilitetar som vaskemaskin og tørketrommel. Aktivitetar i Flåm: Guida kajakkturar, fjordsafari, fjellturar, sykkelturar (me har sykkelutleige),fjell fiske , sandvolley- og fotballbane. Me har god lokalkunnskap og kan gi deg mange gode tips og råd om opplevingar og attraksjonar.

Kontakt

Telefon +47 57632121
Telefon (Booking)
Epost camping@flaam-camping.no
Hjemmeside www.flaam-camping.no
Koordinater Nedre Bekkevegen 12, 5743 Flåm
60.862831000, 7.109519000

Kvalitetsvurdering

Symboler

Her er vi (åpne i eget vindu)