Lærdal Ferie og Fritidspark

Grandvegen 5, 6886 Lærdal - Fjord Norge
1 / 3
2 / 3
3 / 3

På Lærdal Ferie- og Fritidspark vil du alltid finne høg standard og høg kvalitet på service og overnatting, rolege og vakre omgjevnader.Plassen ligg sentralt til ved enden av Sognefjorden som gjev deg mulegheiten til rundreiser i heile Indre Sogn, i tillegg ein heil del aktivitetar for ung og vaksen.

Lærdal Ferie- og Fritidspark tilbyr; - 4-stjerners hytter med dusj, WC, 1-2 soverom, TV, fullt utstyrt kjøkken, muligheit for oppredde senger - fullt utstyrte leilegheiter for 2 personar - motellrom med dusj og wc. Felles kjøkken og spisesal - kafé- og restaurant - campingplass for ca. 100 einheiter (80 strømuttak) - moderne sanitæranlegg, 2 store kjøkken - kiosk Fylgjande aktivitetar er tilgjengeleg på Lærdal Ferie- og Fritidspark; - bading og fiske i fjorden - båt-turar - utleige av båtar og kano - tennisbane - sandvolleyball - sykling - utleige av syklar (racere, mountainbikes, hybrid, triathlon, tandem) - utleige av tråbiler (pedal gokarts) - fjellturar - leikeplass Lærdal Ferie- og Fritidspark ligg ca. 400 meter frå den gamle verneverdige trehusbebyggelsen, gamle Lærdalsøyri der du kan finne kjende attraksjonar som Norsk Villakssenter, gamle Lærdalsøyri (160 trebygningar fra 17.- og 18.-hundretalet, kunstgalleri, telemuseum etc.). Den verdenskjende Borgund Stavkyrkje (frå ca. 1150) ligg ca. 30 km. frå Lærdal. Flåmsbana er ca 40 km reiseveg og til Jostedalsbreen / Nigardsbreen med bl.a. gode mulegheiter for breturar, ca 75 km unna. Medan du bur hjå oss hjelper vi deg gjerne til ekte opplevingar i eit av verdas vakraste landskap!

Kontakt

Telefon 57666695
Telefon (Booking) 57666695
Epost inf@laerdalferiepark.com
Hjemmeside www.laerdalferiepark.com
Koordinater Grandvegen 5, 6886 Lærdal
61.100439000, 7.472847000

Kvalitetsvurdering

Symboler

Her er vi (åpne i eget vindu)